Fleire bilar på Larsnes-sambandet i fjor

MF Kvam:   Foto: Endre Vorren

Nyhende

Tal frå fylkeskommunen syner ei relativt stabil trafikkutvikling med lokale ferjer i 2019, samanlikna med året før. Larsnes-ruta fekk ein vekst på 3,1 % i talet på personbileiningar (PBE), medan talet på passasjerar gjekk ned 1,1 %. Årvik-Koparnes hadde minus 1,5 % i passasjerar og minus 1,6 % i bilar. Hareid-Sulesund gjekk minus 0,8 % i passasjerar og pluss 1,3 % i talet på PBE.