Koronasmitte rundt hjørnet:

- Det som trengst no, er ein stor fellesdugnad

Kommuneoverlegen i Sande appellerer til sunn fornuft og solidaritet for å hindre at koronasmitte utbreier seg for raskt.

Kommuneoverlegen sitt råd: Asta Sileikiene meiner alle former for samlingar og arrangement to-tre veker framover i tid bør avlysast, uansett kor "få" som er med. Dette som ein del av ein stor fellesdugnad for å hindre rask smittespreiing.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

- Mi tilråding som kommuneoverlege, fastlege og legevaktslege er at alle gjer grep som hindrar rask smittespreiing. Difor er også rådet mitt at alle arrangement, ikkje berre dei med massevis av deltakarar, vert avlyste. Sjølv dei minste samlingar bør kansellerast.

Det seier kommuneoverlege i Sande, Asta Sileikiene.

Det skjer etter at koronasmitta i Norge no har kome over i ein ny fase. No har ein ikkje lenger kontroll på kvar folk som er smitta, faktisk har blitt smitta. På Søre Sunnmøre var det onsdag ettermiddag framleis ikkje påvist smittetilfelle, men fleire er testa, og det er berre eit tidsspørsmål før dei første stadfesta smittetilfella kjem inn.

Legen er tydeleg på at det er ein alvorleg situasjon som har oppstått, men:

- Alle kan hjelpe til

- Det vi aller minst treng, er panikk. Det eg vil appellere til, er den gode norske dugnadsånda. Alle kan gjennom enkle tiltak hjelpe til for å avgrense smittespreiing. Unngå å reise til stadar med mykje folk, unngå samlingar av folk og følg dei råda Folkehelseinstituttet har kome med, seier Sileikiene.

Ho håpar smittespreiinga og talet på sjukdomsutbrot gjennom felles innsats frå alle, ikkje får ein rask topp.

- Om det raskt hopar seg opp med smittetilfelle er det ein utfordrande situasjon for helsevesenet, og kanskje særskilt dei mindre kommunane, som er ekstra sårbare, seier Sileikiene.

Sjukeheimen stengd for besøk

Innanfor sitt eige ansvarsfelt, Sande, bestemte kommuneoverlegen onsdag at sjukeheimen og omsorgsbustadane skal stengast for besøk.

- Det vert gjort omsyn til dei gamle og sjuke som bur der. Vi må unngå at dei vert eksponerte. I tillegg er det også viktig at helse- og pleiepersonell ikkje vert utsette for smitte, opplyser kommuneoverlegen.

I eit brev ho tysdag kveld sende til administrasjonen i Sande kommune og fylkeslegen, skriv Sileikiene også at det kan bli aktuelt å vurdere stenging av skular og barnehagar.

- Det kan kome ein slik situasjon. Då bør vi vere førebudde på det. Her må ein tenkje helse primært. Omsynet til å hindre smittespreiing må vege tyngre enn praktiske og eventuelle økonomiske omsyn, seier ho.

Vi tek her med dei viktigaste råda frå Folkehelseinstituttet når det gjeld førebygging av smitte:

Handvask

  • Vask hendene ofte og grundig med såpe og vatn, særleg etter hosting/nysing, etter toalettbesøk, før tilbereding av mat, før måltid og elles ved synleg skitne hender. Det vert tilrådd å vaske hender når ein kjem heim etter å ha vore ute mellom folk.
  • Handdesinfeksjonsmiddel/handsprit er eit godt alternativ om handvask ikkje er mogleg. Hugs at viss hendene er synleg skitne eller våte, har dette redusert effekt. Då bør hendene reingjerast med såpe og vatn.

Hostevanar

  • Unngå å hoste eller nyse direkte på andre.
  • Hos eller nys helst i et papirtørkle (som vert kasta etterpå), eller i albogekroken om du ikkje har papirtørkle tilgjengeleg.

Andre førebyggande råd

  • Som eit generelt råd ved alle infeksjonar, bør sjuke personar halde seg heime og ikkje kome på jobb/studiestad/skule/barnehage.
  • Avgrens handhelsing, kyssing og klemming – dette kan redusere overføring av smitte.
  • Hald minst éin meters avstand til både friske personar og dei som hostar eller nys , når det er mogleg.
  • Unngå så langt det er mogleg å ta deg i ansiktet – virus kan overførast fra hendene til munnen og slimhinnene i auge og nase. Derifrå kan viruset transporterast inn i kroppen.

Risikogruppene

Basert på opplysingar frå utbrotet i Kina, ser det ut til at følgande grupper har høgare risiko for alvorlig forløp av covid-19:

  • Eldre personar (>65 år)
  • Personar med underliggande kronisk sykdom som hjerte-karsykdom (kardiovaskulær sjukdom), diabetes, kronisk lungesykdom, kreft og høgt blodtrykk (hypertensjon)
  • Personer som røyker har mogleg også ein høgare risiko for alvorleg forløp av koronavirus-sjukdomen