Avlyser dansegallaen i Fiskarhallen:

– Smittevern i førarsetet

Arrangement-styret bak den store dansegallaen i Fiskarhallen i april har bestemt seg for å avlyse arrangementet med omsyn til smittevern og det nye koronaviruset, Covid-19.

Her ser vi eit glimt i frå fjorårets dansegalla. No avlyser dei årets arrangement på grunn av det nye koronaviruset.   Foto: Privat

Nyhende

– Sjølvsagt er dette keisamt. Dette er ei inntektskjelde for breiddeidretten i kommunen, men akkurat no vurderer vi situasjonen slik at det vil vere uforsvarleg å arrangere eit slikt arrangement. I dette tilfelle er smittevern i førarsetet.

Det seier arrangementssjef Sigurd Helsem Sævik til Vestlandsnytt etter at festkomiteen samstemt har valt å avlyse dansegallaen 25. april. Han understrekar at dette er ei tung avgjersle, då dei veit at mange hadde gleda seg til dansegallaen. Samstundes er dei sikre på at avgjersla er den rette, kommuneoverlegen har nemleg omtalt konklusjonen som klok etter ei samråding med komiteen.

Får refundert billettar

Reint økonomisk får ikkje dette store konsekvensar. Sjølvsagt mistar ein ei inntektskjelde til idrettslaget, men ved å ta avgjersla tidleg ser det ut til at ein skal unngå å måtte punge ut i høve vareinnkjøp og innleige av musikarar.

– «Heldigvis» hadde ikkje billettsalet tatt heilt av på noverande tidspunkt, men for dei som allereie har sikra seg billett, de vil sjølvsagt få refundert denne, forsikrar Helsem Sævik.

Han seier også at dei var møtt med full forståing frå musikarane som var hyra inn.

Dans skal det bli igjen

Sjølv om arrangementet er avlyst for denne gong er Helsem Sævik klar på at konseptet skal leve vidare.

– Vi må sjølvsagt gjere våre vurderingar om kva tid vi reknar det som forsvarleg, men dette konseptet er kome for å bli, avsluttar han.