Vil heidre eldsjelene bak parken

Ordførar Bjørn Prytz vil ha ein større opningsfest når Fosnavågparken er ferdig.

FOSNAVÅGPARKEN  Foto: Arkiv/Endre Vorren

Nyhende

Kommunestyret gjekk samrøystes inn for å løyve inntil 2,1 millionar kroner ekstra til ferdigstilling av Fosnavågparken. Fleire av dei folkevalde uttrykte stor begeistring for prosjektet, som dei meiner vil vere eit svært positivt tiltak i Fosnavåg.