På kvinnedagen 8. mars feirar Inga Goksøyr 80 år og framleis er ho yrkesaktiv:

– Drivkrafta er at eg har med ekte menneske å gjere

Ho har drive blomsterforretning og gravferdsbyrå i 39 år, og sjeldan teke seg fri. Det planlegg heller ikkje Inga Goksøyr å gjere med det fyrste, trass i at ho søndag fyller 80 år. Dette held ho gåande.

Ikkje Mykje Fri: Inga Goksøyr tek seg så å seie aldri fri. For ho er jobben ein livsstil. Sjølv om ho på søndag 8. mars rundar 80 år, håper Inga å kunne halde fram som yrkesaktiv ei stund til. 

Sjølvsagt tek vi del i sorga, men når eg jobbar kan det ikkje vere mi sorg.

Inga Goksøyr
Nyhende

I 1981, på 32 kvadrat, opna Inga Goksøyr dørene for ei ny blomsterforretning på Larsnes. Blomster og Gaver heitte føretaket. Mykje erfaring innanfor bransjen hadde ho ikkje, men med giv gjekk ho laus på oppgåva.