Frå Nord­po­len til Runde

På Nord­po­len: Geir-Martin Lei­ne­bø og An­dre­as Kjøl frå Kyst­ver­ket i Åle­sund. – Merk at Fos­na­våg no er kome på skil­tet på Nord­po­len, sei­er Lei­ne­bø. Han står og pei­kar på det i bil­det.   Foto: Kystvakta

Nyhende

Ons­dag 21. au­gust 2019 klok­ka 09.32 nåd­de Kyst­vakt­ski­pet «Svalbard» Nord­po­len, som første nors­ke far­tøy no­ko­sin­ne.

To sent­ra­le per­so­nar i gjen­nom­fø­rin­ga av eks­pe­di­sjo­nen var skips­sjef Geir Martin Lei­ne­bø frå Her­øy og is­los An­dre­as Kjøl frå Kyst­ver­ket i Åle­sund. Des­se to kjem til Runde Mil­jø­sen­ter den 8. mars for å hal­de fø­re­drag om eks­pe­di­sjo­nen.

Eks­pe­di­sjo­nen var or­ga­ni­sert av Nansen Senter for Mil­jø- og Fjern­må­ling i Bergen, og fors­ka­rar frå fors­kings­mil­jø ver­da over tok del. Føre­må­let med tok­tet var å set­te ut må­le­inst­ru­ment som skal sam­le inn mil­jø­da­ta om at­mo­sfæ­ren, hav­i­sen og ha­vet un­der isen i Ark­tis. Ny kunn­skap om dei un­der­lig­gan­de pro­ses­sa­ne som på­ver­kar smel­tin­ga av hav­i­sen kan gi bet­re prog­no­sar om kli­m­aet.

Lei­ne­bø og Kjøl er beg­ge ut­dan­na na­vi­ga­tø­rar med man­ge års er­fa­ring frå po­la­re strøk. Dei vil vise bil­de og for­tel­je om gjen­nom­fø­rin­ga av eks­pe­di­sjo­nen og om kor­leis dei greid­de å ta seg fram til po­len og om dei uli­ke fors­kings­ak­ti­vi­te­ta­ne som vart gjen­nom­før­te.