Ro Vision leveringsklar, Ro Venture nyst komen frå Polen:

Hybride systrer hekk mot hekk på Larsnes

Ro Vision, fiks ferdig frå Larsnes Mek. i desse dagar, er omtala som verdas første hybride brønnbåt. No er også systerskipet klar for utrusting.

Larsne Mek. Verksted: Rostein sine brønnbåtar Ro Venture (nærast) og leveringsklare Ro Vision ved kai på Larsnes. Sistnemnde skal ut på prøvetur. I slutten av april vert det dåp på Frøya, der kunden Salmar har hovudsete. I bakgrunnen skimtar vi også den mindre brønnbåten Rostein.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

– Dåpen av Ro Vision vil skje på Frøya i slutten av april. Det skjer ved hovudkontoret til kunden, som er oppdrettsselskapet Salmar.