Andreas Notøy – matematikktalent av rang

Den tidlegare herøyværingen Andreas Notøy kan reknast mellom landets største matematikktalent.

Matematikk-geni: Andreas Notøy mottek her gratulasjonar frå statsråd Trine Schei Grande etter å ha kapra 4. plassen i Abelkonkurransen.   Foto: Privat

Nyhende

Det kan vi slå fast etter at 16-åringen denne veka hamna på fjerdeplass i den kjende Abelkonkurransen.

Dei seks beste vart premierte etter finalen på NTNU i Trondheim, med kunnskaps- og integreringsminister Trine Schei Grande til stades.

Andreas, som fyller 17 år til sommaren, flytta frå Herøy til Sandefjord sommaren 2018. Deretter skaut skulekarrieren fart, får Vestlandsnytt opplyst av mora, Tone Merete Notøy.

Tek matematikk på NTNU allereie

Han tok vidaregåande utdanning som privatist medan han gjekk på ungdomsskulen, med gode karakterar i alle fag. I dag går han ei såkalla IB-linje (internastional bakkalaureate) ved Sandefjord vidaregåande skule, og tek matematikk på NTNU samstundes. No planlegg han allereie å ta ein bachelor.

I mellomtida skal han etter alt å døme også delta i matte-OL i St-Petersburg til sommaren, som direkte konsekvens av resultatet i Abelkonkurransen.

3.218 elevar frå 236 skular deltok i Abelkonkurransen i første runde. 359 kvalifiserte seg til andre runde. 25 var i finalen.

Vi gratulerer Andreas med strålande innsats i Abelkonkurransen. Lukke til vidare!