Kursing og kompetanseheving medan fabrikken står stille:

Mowi godt rigga for framtida i Herøy

Laks til ein eksportverdi på fleire milliardar kroner blei i fjor skipa frå Mowi sitt hovudslakteri i Herøy.

På kurs: Fabrikksjef Sølve Kiviranta saman med nokre av dei tilsette som har nytta produksjonsstansen til kursing og fagleg oppdatering.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Sjølv når produksjonen står, er mange fast tilsette på jobb ved Mowi sitt slakteri på Eggesbønes. No er det vedlikehald og kursing det dreier seg om, og det er ein aktivitet flesteparten av laksegiganten sine 175 fast tilsette er med på.