Betre service frå Sandsøy Servicebåt

Sandsøy Servicebåt utvidar servicen landevegen.

Sands­øy Ser­vi­ce­båt: Tek­nisk leiar Hel­ge Djup­vik og ser­vi­ce­tek­ni­kar Ole Martin Bring­svor tek med seg den­ne kom­pe­tan­sen ut til den som måt­te ha be­hov for hjelp.  Foto: Sands­øy Ser­vi­ce­båt

Nyhende

Sandsøy Servicebåt har lenge hatt ei teknisk avdeling for intern bruk, men har no tatt eit steg vidare og utvida med Servicebil for eksterne kundar.

– Vi har to servicebilar, der den eine er rigga med dei mest aktuelle hydraulikk-koplingane, slangar, og slangepresse.

Det opplyser dagleg leiar Aksel Bringsvor i ei pressemelding.

Nysatsinga skal ta seg av akutte problem og førebyggande service på til dømes marine motorar, kraner og hydraulikk. Bedrifta har eit nært samarbeid med Pro-Flex As i Myrvåg. Som forhandlar for Pro-Flex, har ein tilgang til eit stort delelager. Vidare har dei eit samarbeid med Ulsteinvik Marina, og tilgang til verkstad og kontor der.

– Vi har felles innkjøp med Ulsteinvik Marina på batteri, oljer, filter og elles det meste innanfor båt, heiter det.

Satsinga er delvis eit resultat av utfordringane ein har innan drift av servicebåtar og kompetansen ein har opparbeidd over tid.

– Det er heilt nødvendig å ha eit godt støtteapparat rundt båtane våre. Verdt å vite er det også at vi har delelager til fleire typar kran-fjernkontrollar, og kan dermed få i gong att krana om ho stoppar, nemner bedrifta som eit døme.