Havila Kystruten gir oss ein snik-kikk på interiøret:

Kystrutene med kortreist møblement

Havila Kystruten handlar norsk når dei fire nye skipa skal utrustast med møblar.

Havila Kystruten sine skip får stolar og sofaer frå Brunstad, Fora Form og Ekornes på Sunnmøre. Passasjerar og mannskap skal sove på madrassar frå Recticel på Åndalsnes.   Foto: Havila Kystruten

Nyhende

– Vi vil vise fram det beste Norge har å by på, også når det gjeld møblement og interiør, seier administrerande direktør Arild Myrvoll i ei pressemelding.

Han seier at valet av møblar vidare handlar om å gi dei reisande god komfort. Ved å velje lokale leverandørar med kort veg til kystruten sine stoppestadar ser Myrvoll det elles som praktisk, enkelt og berekraftig om ein må gjennomføre sørvis og etterleveringar.

Møblar frå sunnmøre

Vidare skriv selskapet at Recticel på Åndalsnes, Brunstad og Ekornes i Sykkylven og Fora Form i Ørsta alle er leverandørar som skal få nyte godt av denne visjonen. Fellesområda med loungar, atrium og konferanserom, kafe, buffetrestaurant og a la carte-restaurant er alle utstyrte med sidestolar og kvilestolar frå desse møbelprodusentane.

Når dei nye skipa til Havila Kystruten startar opp med sine seglasar mellom Bergen og Kirkenes, blir det med norske møblar i alle fellesareal, kafe og restaurantar.  Foto: Havila Kystruten

– Over ein tredjedel av byggesummen

Arild Myrvoll seier dei i utgangspunktet ønskte å bygge dei nye kystruteskipa i Norge, men mellom anna på grunn av laber interesse for oppdraget frå norske verft, vart til slutt alle dei fire skipa bestilt hos Tersan i Tyrkia. .

– Vi er likevel opptekne av at bygginga av skipa også skal gi norsk verdiskaping, og har funne ei god alternativ løysing der norsk design, norsk utstyr og andre norske leveransar utgjer over ein tredel av byggesummen.

Ein annan norsk leverandør som er ein del av byggeprosjektet Havila Kystruten er Norwegian Marine Interior (NMI) i Molde. I samarbeid med arkitektkontoret Steen Friis Design har dei planlagt og designa, og leverer installasjon, møblar og interiør til dei fire nye kystruteskipa.


Havila Kystruten Capella.  Foto: Havila Kystruten