Atskilleg betre, men …

Framleis raude tal frå Havila Shipping – jobbar for å halde flåten samla

Då det må seiast å vere mykje betre samanlikna med 4. kvartal i 2018, er tala framleis raude for Havila i tilsvarande periode i 2019, trass i auka driftsinntekter og redusert underskot. No jobbar dei med långivarane for å halde flåten samla.

NJÅL SÆVIK: Administrerande direktør i Havila Shipping ASA.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Fredag la Havila Shipping ASA fram sin rapport for 4. kvartal i 2019. Resultat før skatt enda på minus 71,5 millionar kroner i fjerde kvartal for Herøy-selskapet, i tilsvarande kvartal 2018 var dette talet på minus 834,0 millionar kroner. Med det endar det totale årsresultatet før skatt på minus 320,9 millionar kroner, mot minus 1 139,2 millionar kroner i 2018. Driftsresultatet før avskrivingar blei 43,6 millionar kroner i Q4 2019. For heile 2019 enda driftsresultat før avskrivingar på 246,3 millionar kroner.