Proas igang igjen etter brannen:

Flyttar frå Haugsbygda til Leikong

Ein kvar brann kjem ubeleileg, og spesielt trasig blir det når du har haugen på med arbeid og får full stans i produksjonen.

BLEI REDDA: Denne sjarken blei berga ut og blir no gjort leveringsklar i Proas sine nye lokale på Leikong. Roy Endre Håvik t.v. saman med ein av dei sju han har på lønningslista, Kristian Voldnes.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Det var situasjonen for Proas då båtbyggeriet deira i Haugsbygda nyleg blei råka av brann. Heldigvis greidde dei å berge ut sjarken som skulle leverast dagen etterpå. Den blir no reparert for røykskadar, samtidig som gjengen arbeider på spreng for å kome i gang igjen i nye lokalitetar på Leikong.