Distrikts- digitalisering

Linda Hofstad Helleland har blitt distrikts- og digitaliseringsminister. Ho skal med andre ord drive med distriktsdigitalisering. Berre prøv å seie ordet etter fem glas med raudvin. Men Språkrådet får ordet heilt gratis av meg – det kan bli årets lengste nyord.

REGJERANDE: Denne dama, med namn Linda Hofstad Helleland (H), er ny distrikts- og digitaliseringsminister.  Foto: Foto: Martin B. Andersson / BLD

Kanskje sit det ein stakkar i Hattfjelldal som slit med breibandet, og som treng hjelp.

Nyhende

Linda har allereie vore på vitjing her i fylket, reist med ferje, ete svele og tykt synd i alle som må betale dyre ferjebillettar. No vil ho sikkert digitalisere steiking og servering av sveler, det blir ein app på mobilen: Svele-appen.