Herøy Vasslag svarar om nedtapping av Vikevatnet

Tilsvar til viltnemnda og Fosnavågaren

Igesundvatnet/vikevatnet: Foto: Bjørnar T. Sævik 

Nyhende

Sidan det vert stilt spørsmål ved vasslaget sin handlemåte rundt regulering av vasstanden i Igesundvatnet/Vikevatnet, finn vi det rett å orientere om bakgrunnen for dette og den pågåande prosessen.


Sigurd Nygard til kamp for Vikevatnet:

– Galskap å øydelegge det

Det faktum at Herøy vasslag tappar ned og sonderer moglegheitene for å rive demningane ved Vikevatnet provoserer viltnemda i Herøy. No vil Sigurd Nygard kjempe for å bevare vatnet slik det er.


Verksemda til Herøy Vasslag SA er m. a. regulert av:

- Forskrift om vassforsyning og drikkevatn (drikkevatn-forskrifta),

- Lov om vassdrag og grunnvatn (vannressurslova)

Av rettsbøkene framgår det at Industridepartementet i 1960 gav «Fosnavåg bygningskommune og Eggesbønes vasslag rett til å ekspropriere det som trengs av vann fra Igesundvatn, grunn og rettigheter forøvrig til vannforsyning, herunder rett til å regulere Igesundvatn»

Dam Igesundvatn vart bygd på 60-talet, ferdig i 1962, med vassforsyning for øya som hensikt. Dammen er utført som ein gravitasjonsdam i betong, med betongterskel som overløp og total lengde er 62,5 m. Dammen er fundamentert på berg i heile lengda.

Magasinet heng saman med Vikevatnet så lenge vasstanden er høgare enn kote 119,2. Ved lavare vasstand er det ein naturleg terskel i midten av magasinet som skil dei.

Igesundvatnet og Vikevatnet har ikkje vore nytta som drikkevatn sidan slutten av 90-talet, men har vore definert som krisevatn. Vasslaget har likevel ansvaret for vedlikehald og damsik- kerheit så lenge dammen består.

Det er gjennomført Dambruddsberekning av dam Igesundvatn i 2018. Eit dambrot ved dimensjonerande flaum, slik dammen står no, vil føre til at eit hus blir direkte berørt av dambruddsbølgen.

Dam Igesundvatn er plassert i konsekvensklasse 2 jf. vedtak frå NVE datert 09.10.2014.

Brev til Herøy Kommune 5. februar 2019:

«Vikevatnet/Igesundvatnet er definert som Krisevasskjelde for Herøy vasslag men tilfredstiller ikkje dagens krav til drikkevatn.

Begge dammane er registrerte i NVE sitt damregister i fareklasse 1 som inneber vedlikehaldsplikt etter vannresurslova, inntil den er lovleg nedlagt etter vannresurslova § 41, og påfører Herøy vasslag SA ein kostnad med dette.

Etter at Stemmedal vasslag fekk tilfredstillande drikkevasskvalitet etter bygging av nytt reinseanlegg, har vi inngått gjensidig avtale om reservevatn forsyning. I tillegg har vi to sjø- leidningar frå Moltu til Grønhaug som kvar for seg har kapasitet til å dekkje behovet for drikkevatn i Ytre Herøy.

Herøy vasslag ynskjer å tilbakeføre rettane til desse to vasskjeldene til grunneigarane og legge dei ned som drikkevasskjelde. Eit alternativ vil kunne vere å senke vasstanden ved å bore hol i demninga på eit gitt nivå, slik at dei vil kunne fungere som flaumdemping ved store nedbørsmengder. Dette er alt gjennomført for Svartevatnet med god effekt.

Dersom Herøy kommune ser dette som eit godt alternativ, ynskjer vi å overføre rettane og ansvaret for dammane til Herøy kommune.»

Vi fekk svar datert 12.04.2019 med fylgjande konklusjon:

«Kommunen har ikkje noko ynskje om å overta desse anlegga, då det vert opplyst at det vil vere store kostnader med å ivareta og oppgradere demningane til dagens krav. Kommunen ser det som særs viktig at det vert gjort ei grundig vurdering av konsekvensen i forhold til flaumrisiko opp mot NVE, ved evt. sanering av demningane. Ein føreset også at reserve/krisevatn vert sikra i forkant av evt. sanering av demningane. Det må også vere ein dialog med grunnegarane, slik at ein er samde om prosessen og at områda vert sette tilbake, slik at det vert minst moglege sår i naturen.

Herøy kommune har som kjent det overordna ansvaret for vassforsyninga i kommunen. Kommunen finn det derfor viktig å peike på at reserve/krisevatn, samt at flaumrisikoen, må kartleggast og ivaretakast før ei evt. sanering av desse vasskjeldene.»

Herøy Vasslag har engasjert Sweco for å gjennomføre vurdering av risiko og kostand ved ulike alternativ.

Sweco gjennomførte revurdering av dam Igesundvatn. Dette er dokumentert i rapport datert 17.01.2019. Revurderinga konkluderer med at dammen ikkje har tilstrekkeleg velte- og glidestabilitet.

For lasttilfellet HRV (høgste regulerte vasstand) + is er det ingen seksjonar som er stabile. NVE godkjende revurderinga i vedtak datert 24.09.2019. Vedtaket har eit vilkår om at dameigar skal levere en tidsplan for tiltak slik at dammen tilfredsstiller damsikkerheitsforskriftene sine krav.

Det vert tilrådd at Herøy vasslag ber NVE om ei konsesjonspliktvurdering for å senke HRV (høgaste regulerte vasstand) eller å legge ned dammen. Eventuelle vilkår for en nedlegging vil då bli påpeika.

Vannressursloven kapittel 7 omtaler nedlegging av vassdragsanlegg. § 41 sier følgende:

§ 41. (adgangen til å nedlegge vassdragsanlegg)

Hvis eieren av et vassdragsanlegg ikke lenger vil holde anlegget ved like, skal anlegget fjernes og vassdraget så langt som mulig tilbakeføres til forholdene slik de var før anlegget ble bygd. Før en nedlegging skal eieren gi alle interesserte underretning god tid i forveien.

Hvis nedlegging kan føre til påtakelig skade eller ulempe for allmenne interesser, kreves konsesjon etter § 8. Konsesjon skal gis om ikke særlige grunner taler imot. Vassdragsmyndigheten kan sette vilkår i konsesjonen etter reglene i § 26.

Vassdragsmyndigheten kan gi konsesjon til at nedlegging skjer på annen måte enn nevnt i første ledd, hvis det ikke vil medføre noen økt fare eller skade.

§ 42.(overføring av vassdragsanlegg i stedet for nedlegging)

Vassdragsmyndigheten kan overføre et vassdragsanlegg som ønskes nedlagt til noen som ønsker det opprettholdt, om ikke eieren da frafaller nedlegging.

Nedlegging av anlegget (Sitat frå Swco si vurdering)

«Dersom Herøy vasslag ikke lenger ønsker å holde dam Igesundvatn ved like skal den altså legges ned. Betingelsene for å legge ned dammen settes av NVE. Om anlegget skal fjernes fullstendig, eller delvis, avhenger av ulemper for allmenne interesser og potensialet for økt fare eller skade. Dersom en nedlegging fører til påtakelig skade, eller ulempe for allmenne interesser, kan man ikke ha rett på og få lagt ned vassdragsanlegget.

Det må bes om en konsesjonspliktvurdering fra NVE ved en nedlegging. Slik som det også må gjøres ved en permanent senkning av HRV. Det bemerkes at dersom fordelene er større enn ulempene for allmenne interesser, skal det gis konsesjon.

En nedlegging av dam Ig esundvatn v il føre til en permanent redusert vannstand på 5,9 m, som er tilsvarende største damhøyde. Det kan følge vilkår med en nedlegging som revegetering, fjerning av alle anleggsdeler, tilbakeføring, biologiske undersøkelser osv. Hvilke vilkår som evt. vil blir stilt dersom det søkes om en nedlegging av dam Igesundvatn, vil være spekulasjon. Det er derfor også vanskelig å sei noe om kostnadene ved en slik prosess. Å fjerne hele dammen og transportere den vekk, vil være kostbart.

Biologisk mangfold i og langs magasinet i dag vil bli vurdert ved en nedlegging. Bruken av området vurderes også. Om dette f.eks. er et populært turområde som vil bli påvirket av nedleggingen. Dette er eksempel på faktorer som blir vurdert og som vurderes best av noen med lokalkjennskap til området. En nedlegging vil føre til et midlertidig sår i terrenget, som ved senking av HRV, i form av at reguleringssonen vil være godt synlig. I og med magasinet ikke ligger på høyfjellet, vil dette gro naturlig igjen med tiden.

En nedlegging vil føre til en høring der interessenter får mulighet til å uttale seg. Dersom noen ønsker og ta over damanlegget kan de også gjøre det».

Som ein ser er det ein omstendeleg prosess som er i gang. Styret i Herøy vasslag er sitt ansvar bevisst og fyl dei lover og reglar som gjeld for vasslaget si verksemd. Vi har eit ansvar for å ivareta ålmenne interesser og sikre trygg og god vassfor syning til våre andelseigarar.

Vil ha rekreasjonsområde:

Det er prisverdig at Viltnemnda og Velforeininga Fosnavågaren engasjerer seg for å ivareta gode rekreasjonsområde i Ytre Herøy, men styret i Herøy Vasslag kan ikkje ta på seg dette ansvaret og belaste abonnertane med kostnader som gjeld vedlikehald av dam Igesundvatn når den ikkje lenger er aktuell for vassforsyninga.

Myklebustvatnet treng tilsig:

Det har ikkje vore overløp frå dam Vikevatn/Igesundvatn mot Myklebustvatnet sidan dammen vart regulert. Alt overløp går mot Igesund.

Same kva tiltak vi får godkjent av NVE vil det bli ein kostnad. Målet er å gjennomføre dei tiltak som vi vert pålagde til lågast mogleg kostnad og sleppe framtidige kostnader. Vi søkjer derfor i første omgang om konsesjon for å senke vannstanden til terskelnivå mellom Vikevatn og Igesundvatn, ved å senke overløpet med 2,2 m.

Til sjuande og siste er det NVE som skal godkjenne dei eventuelle tiltaka som vi skal gjennomføre, og grunneigarane vil sjølvsagt bli involverte og skal uttale seg før tiltak vert gjennomført.

Herøy Vasslag - Arne Gjerdsbakk styreleiar