- «Turistruta» til Runde må ikkje leggast ned

RUTEKUTT: Fylkeskommunen legg opp til reduksjon eller kutt i fleire bussruter for å spare pengar. 

Nyhende

Fylket vil legge ned den mest brukte bussruta som turistar frå Ålesund nyttar når dei skal besøke Runde i skuleferien. Om denne endringa blir gjort, vil turistane berre få tre timar på Runde, og måtte reke gatelangs i to timar i Fosnavåg og vente på neste buss etter at butikkane er stengde. Då trur eg turistane vil velje andre plassar for dagsbesøk, heiter det i eit innspel til prosessen.