Bilistar skapar trafikkfarlege situasjonar

Køyrer over Dragsundbrua sjølv om ho er stengt

Dragsundbrua er så smal at den blir stengt når brøytebilen skal køyre over for å unngå møteulukker. Det gjer enkelte blaffen i.

Dragsundbrua: Bilistar køyrer over brua sjølv om ho er stengt. Det skapar trafikkfarlege situasjonar.  Foto: Mesta AS (arkivfoto)

Nyhende

Brøytebilsjåførane slår sjølv på skiltet som viser at brua er stengt før dei køyrer over.


Brukar begge køyrebanane

– Vi fryktar det skal ende med ei alvorleg trafikkulykke om ikkje skiltinga blir respektert. Plogen på brøytebilen er så brei at den kjem over i motsett køyrebane. I tillegg er brua bratt, noko som gir dårleg sikt, seier byggeleiar Eivind Voldsund i Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Stor trafikk

Etter fleire farlege nesten-ulukker, vart det for nokre år sidan avgjort at brua skulle stengast når brøytebilen køyrer over og monterer blenkande varslingsskilt. Det køyrer 6300 bilar over Dragsundbrua kvar dag og fv. 61 har høg prioritering i vinterdrifta. Det betyr at brøytebilen ofte er ute når forholda krev det.

– Alle har eitt minutt

– Bilistane set seg sjølv og andre i fare med å køyre når det er stengt. Brua er berre 229 meter lang. Det betyr at det ikkje er meir enn eitt minutt å vente. Det har alle tid til, meiner byggeleiaren.