Har engasjert nye arkitektar:

Henta fram att Solparken

Formannskapet er framleis bekymra for kostnadane, men vil no ta seg tid til å gjere ei skikkeleg vurdering av prosjektet.

SOL­PARK EL­LER PAR­KE­RING? Det er spørs­må­let for par­ke­rings­plas­sen ved Val­aker og Sparebank 1. Man­ge trud­de pla­na­ne om Sol­par­ken var skrin­lag­de for godt, men no har nye ar­ki­tek­tar sett på saka. 

Nyhende

Det var overraskande for fleire av dei folkevalde då utviklingsleiar Ole Magne Rotevatn og planleggar Tanja Rafteseth plutseleg trappa opp med ei ny orientering om solpark-prosjektet under tysdagens formannskapsmøte. Prosjektet vart stoppa av eit samrøystes formannskap for ganske nøyaktig eitt år sidan, og dåverande ordførar Arnulf Goksøyr tok til orde for at Solparken skulle bli sett på vent i lang tid. Det vart derimot aldri gjort eit formelt vedtak om Solparken, og no kan det likevel vere liv laga for ein «solpark» i Fosnavåg sentrum.