Idar Tarberg opplevde i sin ungdom ein traumatisk tur:

"Ein mann låg i babord-sida på styrehuset, han blødde. Alle vindauga i styrehuset var knuste"

For Idar Tarberg frå Moltustranda har havet vore arbeidsplassen sidan han var femten år, heilt til han pensjonerte seg som 62-åring.

Pensjonert sjømann: Idar: Idar Tarberg har hatt havet som arbeidsplass i heile sitt yrkesaktive liv, turen i 1968 gløymer han aldri. Foto: Knut Arne Høyvik 

Nyhende

I 1962 fekk han sin første jobb som messegut på «Langvin» frå Ålesund. Den 4. august var båten på veg til Vest-Grønland, då han grunnstøytte i Flåværleia. Ingen kom til skade, men båten kom ikkje til feltet.