Båt på grunn utanfor Kvamsøya - mann til sjukehus

Ein båt har gått på land aust for Riste nord for Kvamsøya. Det er mistanke om brann om bord i båten.

  Foto: Anna-Ma Olsson

Nyhende

Det melder Hovudredningssentralen Sør-Norge (HRS) på Twitter. Dei fekk melding om hendinga klokka 13:14. Ein fritidsbåt skal ha fått utfordringar på grunn av vêret.

Det var ein mann om bord i båten. Han skal ha blitt funne eit stykke frå båten, men er no henta opp av redningshelikopteret og sendt til Ålesund sjukehus, heiter det i ei oppdatering. Det er ikkje opplyst noko om mannen sin tilstand.

HRS melder vidare at redningshelikopteret stasjonert i Florø, RS Idar Ulstein, Ambu, samt KV Nord er sendt til området for søk.

Via vår teneste "Skipstrafikken" kan vi sjå at ambulansebåten "Ambu" var på staden i 14-tida, men no har gått inn til Larsnes.

Vi ser vidare at redningsskøyta "Idar Ulstein" var ved staden like før klokka 15, men no har snudd i retning Fosnavåg.

Til Sunnmørsposten opplyser styrmann på RS Idar Ulstein, Trond Arve Mjelstad, at båten gjekk ned då Idar Ulstein var 50 meter frå staden. Han seier vidare at det er svært grunt i området, og dermed vanskeleg å kome inn til staden.