Måndag opnar ho «Eplenikkers» i Myrvåg:

– Eg er livredd

Til no har June Overå produsert barneklede i kjellarstova heime og selt tekstil og sjølvprinta koppar på nett. No satsar ho alt i Myrvåg.

June Overå: Ho kjem opphavleg frå Tomrefjord utanfor Molde, men flytta til Herøy for å gå på skule som 17-åring. Sidan den gong har ho hatt nokre «pit stops» heime, men no bur ho i Tjørvåg med sambuar og tre barn. 

Nyhende

– Akkurat no er frykt den mest framståande kjensla. Tenk om eg sit her på måndag, og så kjem ingen. Eg er ganske avhengig av å få dette til å gå rundt frå dag éin.