Gjennombrot for Herøy-bedrifta Flowtru AS

Onsdag signerte oppstartsbedrifta Flowtru AS, som held til i Herøy, si fyrste kontrakt. Flowtru skal levere 3 fiskepumper til ein verdi på 4 millionar kroner til Stranda Prolog AS.

Frå kontraktsigneringa: F..v. Roar Stenersen, Klaus Hoseth og Martin Jung Leine.  Foto: Flowtru

Nyhende

Flowtru vart etablert i 2018, og har sidan jobba målretta med å utvikle og realisere ein ny type pumpeteknologi for havbruksnæringa. Bedrifta som held til i Herøy har utvikla ei fiskepumpe som gjer at levande fisk kan flyttast utan å måtte passere fysiske hinder. Det skal redusere skader på fisken og økonomiske tap for oppdrettarane. I oppdrett vert nemleg fisk pumpa eit titals gongar i ulike operasjonar, som til dømes gjennom sortering, flytting, avlusing og slakting. Denne teknologien kan brukast i alle slike scenario, og det er venta ei auke i etterspurnaden etter skånsame pumpesystem som kan handtere fisk i alle storleikar, skriv selskapet i ei pressemelding.