Muleg forureining på Moltustranda

Nyhende

Fylkesmannen har varsla om at det ligg føre opplysningar om muleg forureina grunn på området til den tidlegare sildoljefabrikken på Moltustranda. Meldinga er send til Pelagia As som er grunneigar. Avfallet som har vore lagra på området er mellom anna impregnert trevirke. Området er difor innmeldt som ein ny registrert lokalitet i databasen for grunnforureining.