Sildelaget har tru på eit nytt godt pelagisk fiskeriår:

Har starta med gode prisar

– Vi er veldig godt fornøgde med starten på året, og har tru på at 2020 skal bli eit like bra år som 2019 i dei pelagiske fiskeria.

PRISOPPGANG: Året har fått ein bra start med gode sildeprisar for Leinebjørn og resten av den pelagiske fiskeflåten. Foto: Roar Bjånesøy/Norges Sildesalslag. 

Nyhende

Det seier adm. dir. Paul Oma i Norges sildesalslag etter prisnivået som har etablert seg både på NVG-sild, kolmule og makrell i starten på året. Særleg sildeprisen har fått ein god start, men ifylgje Oma ser det lovande ut også for dei andre pelagiske fiskeslaga.