– Heilt urealistisk å flytte eller dele opp verftet

Leiinga ved Larsnes Mek. Verksted kommenterer innspel som er retta mot verksemda sitt framlegg til ny reguleringsplan.

Larsnes Mek.: Verftet som i ei årrekkje har hatt svært stabil ordretilgang og jamnt over har levert gode resultat, er igang med ei revidering av planane for framtida. Skissene inkluderer fleire kaimeter og ei overbygd tørrdokk.   Foto: Firegrader / Larsnes Mek. Verksted

Nyhende

– Den samla utbygginga som no er vist på området til Larsnes Mek. Verksted AS vil dekkje dei behova som verkemda ser i lang tid framover. Verksemda kan med denne løysinga byggje vidare på dei investeringane som allereie er gjorde på området, og nytte tilgjengelege midlar til vidare utvikling, heiter det frå dagleg leiar Jarle Gunnarstein.