Sigurd Nygard til kamp for Vikevatnet:

– Galskap å øydelegge det

Det faktum at Herøy vasslag tappar ned og sonderer moglegheitene for å rive demningane ved Vikevatnet provoserer viltnemda i Herøy. No vil Sigurd Nygard kjempe for å bevare vatnet slik det er.

Sigurd Nygard: Viltnemnda i Herøy meiner det vil vere galskap å tappe ned Vikevatnet. Både Nygard, og Fosnavågaren-velforeining, meiner vatnet ved foten av Igesundhetta er eit eldorado for rekreasjon og friluftsliv. Dei er også kritisk til at avgjersla om å tappe ned vatnet ikkje har vore meir løfta fram i det offentlege. Som både Nygard og Robert Kvalsvik påpeikar, dette er ei sak av stor intersse for folk. 

Nyhende

– Det er etter mitt syn galskap å øydelegg eit slikt vatn. Eg vil nesten omtale det som faunakriminalitet.