Rein Sindre Torvik (27) går no inn for å satse fullt ut på Nordic Resort i Torvika:

Vil ha meir fart i prosessen: – Ventetida er over!

Utflytta torvikar og son til Nordic Resort-opphavsmann Sven Torvik, Rein Sindre Torvik, går no inn som seniorpartnar i Nordic Resort. 27-åringen har eit mål for auge; å få fortgang i og realisere dei ambisiøse reiselivsplanane i Torvika.

Rein Sindre Torvik: 27-åringen bur for tida i Kristiansund, men kjem opphavleg frå Torvika. No håpar han at litt ungdommeleg drivkraft kan få fart på planane til Nordic Resort.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Eg er sjølv lei av å vente.

Rein Sindre Torvik
Nyhende

– Eg kan fint forstå at lokalbefolkninga, og spesielt dei tidlegare naboane mine i Torvika, er lei av å høyre om planane vi har for Nordic Resort. Forståing har eg også ovanfor dei som etterlyser byggestart og løysing i tomtesaka. Det er faktisk akkurat derfor eg no trer inn i selskapet. Eg er sjølv lei av å vente.