Søndagsmiddag på Høgtun – fin tradisjon

Etter kvart har det vorte ein stor suksess for helselaget på Kvamsøya å arrangere felles middag.

Kjekt: Nokre av dei som fann vegen til søndagsmiddagen på Høgtun. God mat, sosialt og kjekt.   Foto: Anne-Marte Beitveit

Nyhende

Sist søndag var det igjen arrangert på Høgtun, med over 60 påmelde. Petter Gunnarstein stod for innkjøp og kokkelering. Kari laga dessert.

Meny: Sosakjøtt m/ tilbehør og heimelaga sviskedessert til kaffien. På ei lita øy som Kvamsøya er dette å få gå på kafe ikkje daglegdags. Difor er det kjærkome å få gå og kjøpe seg ein god middag. Ein del tilreisande nytta også høvet til å få med seg den gode søndagsmiddagen på Høgtun.

Sosakjøt: Kokk Petter Gunnarstein med storegryta.  Foto: Anne-Marte Beitveit

Takk for oss!