"Ferjeopprøret kan ende med noko bra"

Kven som har skulda for at det har blitt slik, er ikkje det viktige no. Det avgjerande er at dei som har makt og mynde kan styre oss inn på rett kurs igjen, skriv redaktør Endre Vorren i denne vekas leiar.

MF KVAM: Er ei av mange ferjer som traffikerer øysamfunn som er heilt avhengige av ferja si.  Foto: Arkiv/ Endre Vorren

Nyhende

Denne veka var to rykande ferske statsrådar på vitjing til Møre og Romsdal: Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) og Linda Hofstad Helleland (H), nyslått distrikts- og digitaliseringsminister. Dei besøkte øysamfunn på romsdalskysten, og sjølvsagt var prisane på ferjebillettane det viktigaste temaet.

Det er bra at Hareide og Helleland kjem – kort tid etter at dei vart utnemnde. Det tyder på at dei tek saka med ferjeprisar på høgste alvor, som ein av dei viktigaste sakene for busetting og næringsliv. Det at dei kjem på besøk syner etter all sannsynlegheit også ein vilje til å gjere noko med prisane. Er det slik at dei kjem berre for å trøyste oss eller servere nokre politiske flosklar, vil ferjeopprøret berre vekse.

Fram til no har det vore ein temmeleg fastlåst situasjon. Fylkeskommunen har klaga på manglande oppfølging og ekstramidlar etter innføring av dei nye miljøkrava på ferjene. Regjeringa har på si side avfeia det med å syne til at fylkesvegferjene er fylkeskommunen sitt ansvar. Altså: To offentlege forvaltingsnivå som skuldar på kvarandre, medan taparane er distrikta, pendlarane og næringslivet langs kysten.

Innføring av ein makspris på alle ferjer – slik mellom andre leiar for Stortingets transportkomité, Helge Orten (H), har ivra for – kan vere ein del av den nye løysinga. Uansett må prisnivået faktisk gå ned fleire stadar. Det har blitt så høgt at folk har teke konsekvensen.

Det vert meldt at folk allereie har flytta frå øysamfunn fordi ferjebilletten er for dyr. Også bedrifter tel på knappane etter at det dei siste åra har blitt vesentleg dyrare å kome seg over fjorden. Dette er ein reell og alvorleg situasjon.

Kven som har skulda for at det har blitt slik, er ikkje det viktige no. Det avgjerande er at dei som har makt og mynde kan styre oss inn på rett kurs igjen.