I gang med det nye idrettsanlegget på Moltu:

Stig Moltu: – No må vi berre stå på

Denne veka sette B. Tarberg i gang arbeidet med å bygge det nye idrettsanlegget på Moltustranda. No håpar leiaren for Moltustranda IL at sambygdingane er klar for dugnad.

Stig Moltu og Aleksander Tarberg vil engasjere bygda: For at dei skal kome i mål med prosjektet er det naudsynt at Moltustranda IL får med seg dugnadsarbeidarar. Skal dei rekke det ambisiøse målet med å vere ferdig til Mosjonsfestivalen i mai, treng dei all hjelp dei kan få.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Eg ringde Aleksander torsdag førre veke og bad han om å fylle diesel på tanken og gløde maskinene. Fire dagar etter var dei på plass.