Havyard og Kleven skal samarbeide om ferdigstilling av PSV

Havyard og Kleven Verft skal samarbeide om å gjere ferdig ein energieffektiv PSV med stor lastekapasitet til den kanadiske reiaren Atlantic Towing.

ATLANTIC HARRIER: Ein energieffektiv PSV med stor lastekapasitet, 1000 kvadratmeter arbeidsdekk og innreiing for 54 personar.   Foto: Havyard

Nyhende

Det melder både Havyard og Kleven Verft i pressemeldingar fredag.

Forseinkingar på tidlegare byggeprosjekt ved verftet i Leirvik har gitt ringverknadar for gjennomføring av den attståande ordreboken og dermed eit behov for å ta ned belastinga på anlegget i Leirvik. For å sikre ferdigstilling av pågåande prosjekt utan vesentlege forseinkingar, er det bestemt at ferdigstilling av bygg 126, som skal leverast til det kanadiske reiarlaget Atlantic Towing, blir sett bort til Kleven som ein underleverandør til verftet i Leirvik, heiter det i pressemeldinga frå Havyard.

Båten dei skal samarbeide om er ein energieffektiv PSV med stor lastekapasitet, 1000 kvadratmeter arbeidsdekk og innreiing for 54 personar. PSV’en vil mellom anna få isklasse ICE-1B for operasjon i kalde farvatn, og ein 650 kW batteripakke vil syte for lågt dieselforbruk.

Havyard skriver vidare at dei har vore i dialog med fleire verft, men enda til slutt på Kleven Verft.

- Dette er eit viktig oppdrag for oss. Det gjer at vi får utnytta kapasiteten ved verftet på ein god måte. PSV er eit produkt dei tilsette ved Kleven har høg kompetanse på, og vi ser fram til å jobbe med eit offshoreskip igjen. Prosessen saman med sentrale medarbeidarar i Havyard-systemet har vore gjennomgåande positiv og prega av gjensidig tillit. Vi ser fram til eit vidare godt samarbeid med Havyard, seier administrerande direktør Kjetil Bollestad i Kleven Verft.

Arbeidet ved Kleven Verft startar i februar, med overlevering til kunden i løpet av sommaren 2020.