Eigedomsleiar svarar på kritikken

- Det er svært beklageleg at B&E Partner AS har denne opplevinga av prosessen kring offentlege anskaffingar i Herøy kommune, seier eigedomsleiar Robert Myklebust på vegne av eigedomsavdelinga si prosjektgruppe.

Stokksund skule   Foto: Jann Flatval

Nyhende

Myklebust viser til kritikken i Vestlandsnytt 24.01.20. Han håpar at informasjonen under kan vere oppklarande.


Bjørnar Gundersen om Herøy kommune si tilbodshandtering:

– Held tilbydarar for narr

– Tilbydarar må kunne vente eit visst minimum av førutseielegheit når kommunen lyser ut tilbodskonkurransar.


Fylgjer eit strengt regelverk

– Vi er opptekne av ryddige prosessar og gjeldande regelverk og er leie for at Bjørnar Gundersen i B&E Partner AS har fått ei slik oppfatning av oss. Investeringsplanen for kommunale bygg er basert på eit samarbeid med kommunerevisjonen om korleis vi skal tolke kommunal rekneskapsstandar nr. 4. Når det gjeld prosjekt knytt til fasaderehabilitering, har det vore eit klart krav om at vi må oppgradere heile fasaden for å få finansiert tiltaket over investeringsbudsjettet, forklarar eigedomsleiaren.

Tilbodskonkurransen for Stokksund skule var basert på dette regelverket, sjølv om det naudsynte å renovere var knytt til vindauge og yttertak. Det kom inn to tilbod og begge låg vesentleg over gjeldande budsjett.

– Etter rekneskapsstandarden hadde vi dermed ikkje lov til å redusere omfanget på prosjektet for å få det gjennomført, seier Myklebust. Vi valgte difor å avlyse tilbodskonkurransen, legg han til.

Endring i lovverket

Etter møte med kommunerevisjonen har vi i etterkant fått avklara at regelverket no vert endra, slik at vi i framtida lettare kan få gjort akkurat det som er mest naudsynt gjennom investeringsbudsjettet.

– Dette fører til at vi kan gå ut med ein ny tilbodskonkurranse for Stokksund skule som berre gjeld vindauge og yttertak. Vi håpar då at investeringsmidlane skal vere tilstrekkelege for eit redusert budsjett.

- Vi tek sjølvsagt med oss kritikken frå B&E Partner, og vil jobbe hardt for at tilbydar skal få ei god oppleving av prosessane. Difor jobbar vi no også med å kvalitetssikre kostnadskalkylene for ulike prosjekt på ein betre måte, påpeikar Myklebust.

Må ta ein ny runde

Sjølv om regelverket vert endra slik at vi kan redusere omfanget av prosjektet, vurderer vi det ikkje som aktuelt å gå i forhandlingar med tilbydarar som allereie har levert tilbod. Dette er knytt til lov og forskrift om offentleg anskaffelse. Av omsyn til andre leverandørar, som ikkje har levert tilbod i førre runde, kanskje fordi prosjektet var for omfattande, kan likevel vere interesserte i å levere tilbod når omfanget av prosjektet vert redusert.

– Difor gjennomfører vi ny tilbodskonkurranse, seier Myklebust.

Robert Myklebust understrekar at B&E Partner AS eller andre tilbydarar er velkomne til å ta kontakt med han dersom dei skulle ha fleire spørsmål, eller om noko er uklart.