Brann i plasthall i Gursken - totalskadd

I natt har det vore ein brann i ein plasthall på industriområde i Gursken. Ingen personar skal ha kome til skade, men bygget er totalskadd.
Nyhende

Ifølgje politiet blir det produsert plastbåtar i den aktuelle hallen som ligg i Budavegen. Plasthallen er totalskadd, men ingen folk var i hallen då brannen oppstod.

Sande brannvern var i 04-tida på plass på staden og byrja med sløkkingsarbeidet. Det var ikkje fare for spreiing til andre bygg på området. 04.33 melde politiet at brannen var sløkt. Årsaka til at brannen oppstod er enno ikkje klarlagt.