Ber kommunen revurdere vedtak

Brukarane av dagaktivitetstilbodet «fredagstreffet» reagerer på vedtak om halvering av tenesta.

HERØY RÅDHUS:   Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

– Frå nyåret 2020 skal tenesta for psykisk helse og rus i Herøy kommune kutte ned på dagaktivitetsplanen. Dette vedtaket ynskjer vi å rette vår meining mot, skriv brukarrepresentant Christopher B. Huldal til leiar Birgitte Sævik Pedersen i helse og omsorgsutvalet. Han viser til at dagaktivitetstilbodet blir kutta ned på grunn av nedskjeringar i stillingar, noko som går utover friluftsgruppa på onsdagar og fredagstreffet.