Halsebakk-selskap og øyfolket har lagt planar:

Skal ta med cruiseturistar til Sandsøya

Til sommaren set Cruise Service i gang eit tilbod der snøggbåten Gabrielle vil gå frå Ålesund til Sandsøya med cruiseturistar.

Sandsøya: Rosenlund Hamn er i sving igjen, og dermed opnar seg fleire moglegheiter. Mellom anna vitjing av nokre av dei 420.000 (!) cruiseturistane som denne sesongen skal innom Ålesund.   Foto: Arkiv/Endre Vorren

Vi skal ta med turistar til flotte destinasjonar i ytre og indre del av fylket

Torstein Holsvik, dagleg leiar i Cruise Service AS
Nyhende

Selskapet er delvis eigd av Roger Halsebakk og hans investeringsselskap Ronja Capital. Det er same selskapet som sist sommar kjøpte Rosenlund på Sandsøya, staden der brønnbåtgründeren kjem frå.