Myklebustvatnet natursti

- Vi kan ikkje bygge ein «natursti» som skadar den naturen vi vil verne og som vi vil oppleve, skriv Bjørn Martin Aasen i Herøy Rotaryklubb

Myklebustvatnet: Rådmann Olaus-Jon Kopperstad med gåvesjekken på ein million kroner frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre, saman med representantar for kommunen og Herøy rotaryklubb. Ein føresetnad for gåva var oppstart før 1. juli 2020.  Foto: Josefine Spiro

Nyhende

Herøy formannskap har godkjent at Herøy Rotaryklubb set seg i førarsetet for gjennomføringa av prosjektet. Kommunestyret har bevilga 1,2 millionar, og Sparebank1 Søre Sunnmøre legg til 1 million, så vi har eit godt grunnlag å starte på.

Klubben har teke utfordringa på strak arm, og har denne veka oppnemnd eit eige prosjektstyre som vart samansett slik:

Bjørn Otterlei, Ola Vestavik, Ole Magne Rotevatn, Lasse Myrhol og med Bjørn Martin Aasen som leiar. Arbeidet startar umiddelbart med førstemøte om få dagar.

Imidlertid:

Vi må hugse at gjennomføringa av prosjektet må finne stad innanfor dei rammene som er sett av Staten i «Forskrift om vern av Myklebustvatnet naturreservat (1988)» og «Forvaltningsplan for Myklebustvatnet naturreservat (2013)», og av dei rammer som vert sett av grunneigarane.

Vi kan ikkje bygge ein «natursti» som skadar den naturen vi vil verne og som vi vil oppleve! Her vert det viktig å balansere dei forskjellige omsyna som må takast. Vi må akseptere at vernemyndigheitene set nokre absolutte grenser av omsyn til den naturen vi vil oppleve, og at grunneigarane set nokre grenser for å verne om sin private eigedom.

Noko av det første vi må gjere er å skaffe oss oversikt over dei grunneigarane som kan verte berørt av planane og sikre open kommunikasjon med dei. Ta gjerne kontakt og!

Skal vi lukkast med dette prosjektet, treng vi eit stor engasjement frå alle interesserte.

Dei som vil engasjere seg kan melde seg til dei som er i prosjektstyret. Det vil gjere arbeidet vårt lettare når alle dei forskjellige oppgåvene skal fordelast!