Gjerdsvika og Moltustranda i 6. div.

Det er ein del endringar mellom dei påmelde laga i lågare divisjonar i år.

Fot­ball­da­me­ne til Bergs­øy er mel­lom laga som har meldt på fullt lag til kvin­ne­nes 4. di­vi­sjon. Her er Ida Kvals­vik Vest­nes i du­ell un­der ein kamp i fjor haust. ar­kiv­fo­to: sti­an dri­ve­klepp  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

I 6. divisjon for menn ser vi at Tjørvåg og Bergsøy 2 ikkje har meldt seg på i år. Tjørvåg måtte som kjent trekke seg undervegs i førre sesong, då dei mangla spelarar. Med det vi veit er grunnen til at Bergsøy 2 ikkje stiller at herøyværingane heller vil prioritere å stille juniorlag.

Eit lag som derimot er tilbake er Moltustranda. Dermed ligg alt til rette for eit ordentleg lokaloppgjer mot Gjerdsvika, som er det einaste av laga frå Herøy og Sande som også stilte i fjor. Andre lag frå Ytre Søre er Hareid 2 og Hødd 3.

Ny sesong i 4. divisjon.

Bergsøy-damene er i gang med sesongoppkøyringa til ein ny sesong i 4. divisjon. Her har Synne Ryan takka for seg som hovudtrenar og blitt erstatta av Ingrid Beate Smådal Hide.

HaNo 9ar, MSIL 9ar, SIF/Hessa 2 9ar, Spjelkavik, Stranda og Valder er dei andre laga i divisjonen som berre består av sju lag.

Elles registrerer vi at Larsnes/Gursken også har på gang eit damelag. Dei planlegg å spele sjuarfotball denne sesongen.