Mista midlar til helsesjukepleiar

Det kan bli utfordrande å få tilbake helsesjukepleiaren i skulane.

BOR­GA: Ele­va­ne ved Bor­ga og Stokk­sund sku­le sak­nar hel­se­sju­ke­plei­a­ren sin, og ber kom­mu­nen fin­ne ei løy­sing.  Foto: Arkiv

Nyhende

Det kom fram då kommunalsjef Helse og omsorg, Renathe Rossi-Kaldhol måtte orientere kommunestyret om kvifor skulane ikkje lenger har eigen helsesjukepleiar. Elevråda ved Borga og Stokksund skule har som kjent vore svært kritiske til at tilbodet er tatt vekk. Denne bekymringa hadde Tine Storøy (H) fått med seg, og ho ville derfor vite kvifor det har blitt slik.



– Det stemmer at vi har mista prosjektmidlane til helsesjukepleiar. Vi har levd godt på midlane nokre år, men det blir utfordrande å nå over det behovet som er der når vi mistar dei. Vi søker på nye prosjektmidlar, men vi får mest sannsynleg ikkje det nivået vi har hatt, sa Rossi-Kaldhol.

Ho kunne vidare fortelje at helse og omsorg spela inn behovet for meir pengar i budsjettprosessen, men utan å få gjennomslag for det.

– Det står også i kommunedelplanen for helse og omsorg at ein må oppbemanne med ein heimel for å behalde tiltaket med fast helsesjukepleiar i skulen, presiserte ho.

– Det er ein utfordrande situasjon, men vi må berre gjere det beste ut av det, avslutta kommunalsjef Rossi-Kaldhol.


Krev å få tilbake helsesjukepleiaren

Elevrådet ved Stokksund skule krev å få tilbake tilbodet med helsesjukepleiar.