Gøy på landet

Eg trur at dei fleste som vaks opp i Pettervågen i 1950-åra, syntest det var ein fin og spennande plass å vekse opp på.

VINTER OG SNØ: Gudmund Hopen – ein friskus i skibakken – fotografert i slutten av 1950-åra. Vintrane i den tida var snørike, og vi ungane var ofte ute og rende oss på ski og rattkjelke. Ei herleg tid. FOTO: EGIL LEIKANGER 

I periodar knaska vi godteri dag ut og dag inn og var glade og lukkelege så lenge vi hadde tilgang på shetlandsk snop.

Nyhende

Vi var ein samansveisa gjeng som fann på mykje artig, iallfall vi gutane. Jentene veit eg lite om, bortsett frå at dei ofte hoppa paradis og passa ungar. Dei var nokså framande i vår gute-verd, for å seie det på den måten.