16–16 då kommunestyret gjorde vedtak i saka om statleg omsorgsfinansiering:

Ordførar Prytz vart tunga på vektskåla

Høgre og Frp kritiserte administrasjonen for å ikkje følgje politiske vedtak då Herøy kommunestyre gjorde endeleg vedtak om å ikkje søkje om deltaking i forsøksprosjektet med statleg omsorgsfinansiering.

PRYTZ OG TINE: I frå­væ­ret av sin fas­te mak­ker Bjar­ne Kvals­vik, star­ta ord­fø­rar Prytz kvel­den med Ca­mil­la Stor­øy (KrF) som va­ra­ord­fø­rar. Då ho sei­na­re fekk per­mi­sjon, fekk «op­po­si­sjons­po­li­ti­kar» Tine Stor­øy (H) spørs­må­let om å vere va­ra­ord­fø­rar. Dei to sa­mar­bei­da godt, men var heilt klart uei­ni­ge om stat­leg om­sorgs­fi­nan­si­e­ring. 

Nyhende

Det vart klart etter den svært spennande avstemminga i kommunestyret, der det altså enda uavgjort 16–16. Høgre og Frp sine representantar stod fast på at dette var noko dei ønskte, og under kommunestyrebehandlinga fekk dei også støtte frå fleire i fleirtalskonstellasjonen til Ap, Sp, KrF og Folkelista. Men ordførar Bjørn Prytz (Ap) var ikkje mellom dei.