Minkfangsten på Runde:

Skal setje ut 25 nye feller

Fem minkar er fanga i Lundeura så langt, men der er framleis mange små massemordarar på frifot på Runde. Målet er å utrydde dei for godt.

Min­ken her­jar på Runde: Han ser kan­skje søt ut, men det­te rov­dy­ret kan gje­re stor ska­de på kort tid. I fug­le­fjel­let på Runde høy­rer han ik­kje heime, og Sta­tens natur­opp­syn sitt mål er å ut­ryd­de den blod­tørs­ti­ge inn­tren­ga­ren. Il­lust­ra­sjons­fo­to: Flick.com 

Nyhende

I mai kom fuglekjennar Ingar Støyle Bringsvor over seks daude lundefuglar på eit avgrensa område i Lundeura på Runde. Statens naturoppsyn sette difor opp feller, som fort fanga tre minkar. Kort tid etter fekk dei grønt lys til å starte opp prosjektet med å utrydde rovdyret, som er til stor fare for dei utryddingstruga fuglane på Runde.