Sande-UKM blir utsett

Årets utgåve av UKM i Sande er utsett til laurdag 29. februar.

GLIMT FRÅ I FJOR: Her ser vi Dor­thea Støy­len Ris­te­sund un­der fjor­å­rets UKM i Sande.  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

UKM var eigentleg sett opp laurdag 1. februar, men er no utsett fire veker, og vil bli arrangert på sjølvaste skotårsdagen, 29. februar. Det melder Sande kommune denne veka.

På den positive sida fører utsettinga også til forlengja påmeldingsfrist. For arrangør, konferansier og media er fristen no 26. januar, medan andre deltakarar har moglegheita til å melde seg på heilt til 9. februar.

Deltakarar som allereie er påmelde er sjølvsagt framleis påmelde konkurransen. Dei påmelde skal ha fått melding om dette på SMS.

Også workshopen i forkant av UKM er utsett.