Vatnet er kome fram til Arhaugen:

No kan bustadfeltet kome

Som det siste vassverk-lause bygdelaget i Herøy begynner Bø/Sande no å bli tilknytt Herøy vasslag sitt leidningsnett.

SKIKKELEG TRYKK: Ikkje noko å seie på vasstrykket, konstaterer grendelagsleiar Runar Olsen t.h. saman med frå venstre Ragnvald Kvalsvik, Per Arne Gjerdsbakk og Birger Furesund (entreprenør). Bake ser vi tre av dei som får glede av vatnet, f.v. Anders Per Vågsholm, Vilde Othilie Hofseth og Vidar Gjelsvik. No håper dei på fullt trykk også med bustadfeltet.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Heilt fram til no har folket på Bø og Sande vore nøydde til å ordne seg sjølve med eige vatn. Men det blir det snart ei endring på. Nyleg kunne dei sju fyrste husa på Arhaugen knyte seg på det nye leidningsnettet som vasslaget gjekk i gang med å bygge ut frå Torvik sist vinter.