Meir arbeid til Rem-fartøy

Rem Offshore har sikra arbeid til godt over sommarferien for subsea-fartøyet Rem Inspector.

ARBEID Rem Inspector har fått arbeid til over sommarferien i marknaden for fornybar energi. 

Nyhende

Adm. dir. Fredrik Remøy fortel at det er to jobbar i fornybarmarknaden dei no har fått i hamn. Fyrste oppdraget, for ein ikkje namngitt oppdragsgivar, har fartøyet allereie starta på. Når ein kjem til april skal båten over i eit nytt oppdrag for Siemens.

– Vi er veldig fornøgde med å ha sikra oss arbeid i ein ganske utfordrande subsea-marknad, kommenterer Remøy.

Rem Inspector er eitt av to subsea/konstruksjonsfartøy i Rem Offshore sin flåte som til saman tel ti fartøy. Seks av desse er plattform supplyskip (PSV), medan dei to andre driv innafor seismikk.