"Her er det eit salig rot med massevis av kryss og avkøyrsler i nær sagt alle retningar"

Denne vekas leiar tek opp nokre farlege punkt på lokale fylkesvegar.

Uoversiktleg: I området ved fylkesvegen som går i ein stor boge på Eggesbønes er trafikkbildet til tider kaotisk. Det har vore mange ulukker her opp gjennom åra.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Vitne etter oppryddinga etter ein bilkollisjon denne veka seier seg oppgitt over at det nok ein gong har skjedde ei ulukke på staden. Det gjeld det såkalla Myrvågkrysset, der det har vore fleire hendingar opp gjennom åra.

Underteikna stiller seg bak påstanden om at dette er eit kryss som heilt klart treng oppgraderingar. Skal krysset vere som i dag, bør det gjerast ein grundig jobb med lysforholda på staden. Det er ikkje eit einaste veglys her. Vi har snakka med mange som også meiner det er uforsvarlege forhold i krysset, men også i andre kryss i 80-sona forbi Myrvåg.


Myrvåg grendelag ber om trafikktrygging i Myrvåg

Styret i Myrvåg grendelag er opptekne av trafikksikkerheita og ber kommunen treffe tiltak.


Nyleg ropte Roar Almestad varsku om forholda ved vegkrysset ved Skogevatnet. Her har det blitt ein vesentleg auke i talet på køyretøy som skal til og frå industriområdet dei seinare åra. Av dei er det mange storbilar. Almestad har rett i at vegstellet bør vurdere utbetringar her. Vi vil også nemne Skulekrysset på Larsnes og den «forhistoriske» Breiviknakken i retning Årvika.


Roar Almestad om ulukkesutsett kryss ved Skogevatnet:

– Må inn med tiltak her!

Ved vegkrysset har det vore mange ulukker og endå fleire nestenulukker. No slår Roar Almestad alarm.



– Vegkrysset er ikkje trafikkfarleg

Fylkeskommunen avviser at vegkrysset ved Skogevatnet er trafikkfarleg.


Vegkrysset i Stokksund er ein annan gjengangar, både når det gjeld talet på ulukker og eit krav om omlegging eller utbetringar. Det er mange år sidan vi presenterte planane for ny trasé frå vegfyllinga i retning mot Tjørvåg, men ingenting har skjedd. Planar er bra, men er heilt bortkasta når dei – som her – berre vert lagde i ei arkiv og støvar ned.

Eit anna område der trafikken til tider er kaotisk og uoversiktleg, og der fleire fortel at dei til tider køyrer med hjartet i halsen, er sentralt på Eggesbønes, i området ved butikkane og bensinstasjonane. Her er det eit salig rot med massevis av kryss og avkøyrsler i nær sagt alle retningar, kombinert med at mange mjuke trafikantar sjølvsagt skal ha sin plass i bildet. Ei opprydding er heilt nødvendig.

Syting? Oftast er det slik at den som ikkje krev noko, heller ikkje får noko. Fleire bør engasjere seg.