– Sande må ta høgde for færre born og fleire eldre

20 barnefødslar i året. Fleire eldre. Behov for meir omstilling. Det er litt av bakgrunnen når Sande kommune skal drøfte og vedta ny planstrategi.

Ser i glaskula: Kommunalleiar for plan og utvikling, Oddbjørn Indregård, slår fast at folketalsutviklinga har vore og er den store utfordringa for kommunen. Arkivfoto 

Nyhende

«Kommunal planstrategi 2020 – 2023» heiter dokumentet som politikarane no får på bordet. Rapporten som ligg til grunn for den nye strategien er skriven av kommunalleiar for plan og utvikling, Oddbjørn Indregård.