Bjørnar Gundersen om Herøy kommune si tilbodshandtering:

– Held tilbydarar for narr

– Tilbydarar må kunne vente eit visst minimum av førutseielegheit når kommunen lyser ut tilbodskonkurransar.

Enkelt å dele opp: Bjørnar Gundersen meiner at slik rehabiliteringa av Stokksund skule er oppdelt, ville det ha voreei enkel sak å dele prosjektet inn i einingar, etter nærare avtale mellom kommunen og tilbydaren. Men i staden for å få gjennomført det mest prekære så langt det finst pengar, har kommunen berre avlyst heile konkurransen. 

Nyhende

Det seier ein oppgitt Bjørnar Gundersen etter å ha opplevd to avlyste tilbodskonkurransar på kort tid frå Herøy kommune. I begge tilfella vart avlysinga forklart med manglande finansiering av prosjekta.