Roger Halsebakk og andre kjende investorar inn i Rimfrost

Investorane Johan Odvar Odfjell, Roger Halsebakk og Jakob Hatteland har gått inn som minoritetsaksjonærar i krilselskapet til Stig Remøy, Rimfrost AS. Dei har til sammen aksjeposter tilsvarende cirka 10 prosent.

  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Dette kunngjorde Rimfrost i ei pressemelding onsdag morgon. Ifølgje selskapet skal dei tre investorane over tid kunne auke sine eigardelar slik at dei til saman eig om lag 25 prosent av selskapet. Finansavisen hevdar at salet gir Stig Remøy rundt 100 millionar i kontantar. Verdivurderinga på Rimfrost ligg på rundt ein milliard kroner.

Rimfrost har i dag to konsesjonar for krilfiske i Antarktis og inngjekk i november i fjor kontrakt om bygging av verdas mest moderne og miljøvennlege krilfartøy, til ein verdi av over ein milliard kroner.


Inngår kontrakt med verftsgruppa Westcon

Stig Remøy sitt nye krilfartøy kostar over ein milliard

Det er no klart at krilselskapet til Stig Remøy, Rimfrost, inngår ei kontrakt med verftsgruppa Westcon om bygging av nytt krilfartøy til over ein milliard norske kroner.


Stig Remøy er svært tilfreds

– Vi er svært tilfredse med å kunne ønske så solide og suksessrike næringslivsfolk velkommen som medeigarar i Rimfrost. Dette viser korleis nokre av Norges mest erfarne investorar vurderer potensialet i vår berekraftige og nyskapande teknologi, seier hovudeigar Stig Remøy i pressemeldinga.

Odfjells investering skjer gjennom Farvatn Capital, mens Sølvtrans-eigar Roger Halsebakk går inn gjennom sitt investeringsselskap Ronja Capital. Hattelands engasjement skjer gjennom Jakob Hatteland Holding.

Kvar av de tre minoritetseigarane er representert i Rimfrosts styre gjennom Tore Hopen (Farvatn), Tore A. Tønseth (Ronja) og Stig Hatteland (JHH). Styret elles består av styreleiar Anders Almestad, Wenche Kjølås og Stig Remøy.

- Ein enorm ressurs

– Vi har stor tru på det potensialet som ligg innan marine ingrediensar. Kril er ein enorm ressurs som i dag blir relativt lite nytta. Vi ser store moglegheiter mot både humant konsum og industriell bruk. Rimfrost har komme langt i den teknologiske utviklinga og vi ser fram til å vere med på vidare utvikling av selskapet, seier Tønseth i Ronja Capital.

Han får støtte av sin styrekollega Hopen, som seier at Rimfrost-teamets kombinasjon av djup kompetanse, sterk gjennomføringsevne og stor skaparkraft har imponert ham.

– Kril er ei av verdas største kjelder til biomasse. For oss er det helt openbert at dette er ein ressurs som må nyttast for å møte verdas matbehov i framtida. Det er avgjerande at dette gjerast på ein berekraftig måte. Vi meiner Rimfrost er unikt posisjonert for å gjere dette, seier Hopen.

Berekraftig næringsliv

Ein viktig grunn for at JHH har valt å gå inn, er at dei meiner Rimfrost treffer på trendar som vil vere sentrale for framtidas berekraftige næringsliv.

– Dette handlar blant anna om hauste sunne råvarer frå havet, der ein tek i bruk ny teknologi som sikrar klimavennleg fangst, og at råvarene nyttast optimalt utan at kvaliteten vert dårlegare i prosessen.
Etter vår oppfatning har Rimfrost planar og løysingar som innfrir på alle disse punkta, seier Stig Hatteland.