Krev å få tilbake helsesjukepleiaren

Elevrådet ved Stokksund skule krev å få tilbake tilbodet med helsesjukepleiar.

Viktig tilbod: Elevrådet ved Stokksund skule meiner helsesjukepleiar er eit tilbod som krevst meir enn nokon gong. No krev dei at tilbodet blir gjenoppretta. 

Nyhende

Heller ikkje ved Stokksund skule har elevane hatt skulehelseteneste etter nyttår. No krev elevrådet at tilbodet må bli gjenoppretta. Mange av elevane har nytta seg av dette tilbodet, og helsesjukepleiaren har alltid hatt hendene fulle den korte tida ho har vore her, skriv elevrådet i eit brev til ordføraren.



Her understrekar elevrådet kor viktig det er å ha nokon å snakke med i denne fasen av livet:

Det skjer mykje med oss, både fysisk og psykisk. Fleire elevar er avhengige av å kunne snakke med nokon, og det burde ikkje vere nødvendig å måtte bestille time til slikt. Mange fleire ungdomar slit meir med mental helse, og helsesjukepleiarane i skulen trengst meir enn før, skriv elevrådsleiar Noelle Lillerovde saman med nestleiar Jonas M. Olsen.

No som ordninga er teken vekk må elevane reise eit godt stykke for å få den hjelpa dei vil ha, og elevane meiner det ikkje er rettferdig at ungdomane som bur i indre enda ein gong skal ha eit dårlegare tilbod.