Torsdag avgjer kommunestyret om Herøy skal søkje om statleg omsorgsfinansiering:

Seier nei til slutt?

Posisjonspartia ser ut til å ha fått kalde føter når det gjeld ei eventuell deltaking i forsøksprosjektet med statleg finansiering av omsorgstenestene.

MAN­GE KON­SE­KVEN­SAR: Eve­lyn Haram Larsen (stå­an­de) for­tal­de om ei heil rek­ke kon­se­kven­sar, først og fremst i res­surs­bru­ken, om Her­øy kom­mu­ne skal vere med i for­søks­pro­sjek­tet. 

Nyhende

I alle fall røysta alle dei seks representantane frå posisjonspartia (Ap, Sp, KrF og Folkelista) for rådmannen si tilråding om at Herøy kommune ikkje skal søkje om plass i forsøksprosjektet, då formannskapet behandla saka førre veke. Opposisjonspolitikarane Tine Storøy (H), Tor Sindre Steinsvik (H) og Karl-Oskar Sævik (Frp) meinte derimot at Herøy kommune skal søkje om å få vere med på prosjektet.